TwangGang er ein trio som konsentrerer seg om rockabilly/country slik musikken vart spelt for lenge, lenge sidan. Bandet er utstyrt slik ein trio med begge beina planta trygt i 50-talet skal vera; Gitar, ståbass og trommer. Enkelt og effektivt.
Dei musikalske referansane til bandet finn ein i amerikansk musikk laga på 50-talet. Inspirasjonskjelder har vore artistar som Johnny Burnette, Elvis, Johnny Cash, og Joe Clay. Gamle Sun-innspelingar er til inspirasjon for mange musikkinteresserte og det gjeld i stor grad for TwangGang og.
Denne musikkarten er i si form særs utadvendt, den rettar seg mot både hjarte og bein og set opp farten på begge samstundes. TwangGang gjer sitt beste for å formidle akkurat dette då dei meiner det er essensen i stilarten. Med andre ord er det lite rom for kunst men god plass til speleglede.
Sjølv om bandet ikkje starta med utespeling før på hausten -01 har ryktet som eit oppegåande live-band allereie byrja å vandre. Gutane fungerer etter Happy-hour-prinsippet; heftig medan det står på og kan hende er det litt tungt etterpå. Målet er at slik skal publikum oppleve det og.
Bandmedlemmer:
Erlend Styve - gitar, vokal
Bjørne Møen - trommer, vokal
Jan Eirik Gullbrå - ståbass, vokal
Sted:
Entré fra kl. og Konserten starter kl. .
Pris: kr. 0,- Medlemmer kr. 0,- Studenter kr. ,-
Billetter kjøpes på "goticket", eller i døra med kort.